SYND OG SONING

Eit steinmura hus i midtre Sogn
har hyst mang ein ussel stakkar.
Dei kom ikkje dit med hest og vogn
og kuskar med fløyels frakkar.
Nei, snarare kom dei som klavenaut
førd av eit stemnevitne,
og nista dei førde var stampegraut
der sjelden dei sul såg kvitne.
Men skyssen var fri so da reint var skam,
til lands og med fylkesbåten,
og når dei omsider til folk kom fram
sto staten for levemåten.
Men saka er den som vi alle veit,
at staten er smal i kosten.
Han fø’r sine folk som ein husmannsgeit
og sparar på smøret og osten.
Og slik var det her, dei fekk råsteikt stomp,
ynkeleg målt for dagen.
Han sto som ein brennande bringeklomp
før han kom ned i magen.
So her trengs det vatten i byttevis
vatten frå himmelhøgda
og det skal bli sagt til statens pris:
av det fekk dei meir enn nøgda.
Ja, dette var litt om den tronge veg
som statsmakta opp har staka.
Vi går han nok knapt både du og eg,
og no tar eg til med saka:
Men saka gjeld berre ein plassemann,
han hadde so hard ein herre,
og kallen var berre frå Sunfjord, han,
det kunne ‘kje vore verre.
Det beste han visste var spikelår,
men her kom det inn ein hake,
for mannen var stadd i så ringe kår
at det fekk han aldri smake.
Men husbonden hadde, der var ikkje skort,
og sein han mot dagen vakna.
Han sakna vel snaut om eitkvart kom bort,
men det var det nett han sakna.
Og dermed, må vite, var vegen klår,
for denne vår husmannstrave.
Han fekk ikkje for seg eit fadevår,
so kom dei med reip og klave.
Det blei ikkje bråk, han gjekk viljug med,
stappande mett, får vi vone,
og dertil med utsikt til arbeidsfred,
for no var han tenkt å sone.
Med omsyn til stompen han gjerne sat,
han fann ikkje minste lyte,
for stomp for ein husmann er helgemat,
og magen hans var som ein gryte.
Men vatnet var litt av ein syndedom,
for enda han gjorde sitt beste,
so var ikkje før ei bytte blitt tom
før sluttaren kom med den neste.
Slek gjekk det ein dag, det gjekk to og tre,
og vatnet tok aldrig ende.
Men fjorde dagen fall kallen på kne
og denne si bøn oppsende:
«Slå ryggen min blå med ein kjettingfamn,
og klyp meg med glødde tenger,
men spar meg for vatnet i Herrens namn,
eg står ikkje i det lenger!»
So vart han då heimsend til lått og glis,
å sone er hardt, Gu’beire.
Moralen kan tolkast på mange vis,
eg vil ikkje seie meire.