|
So fann dei
han Ole Johan, langt burte i Håsteins-hagen. Der låg han og rotna og
brann, med solsteiken rett i magen. Og magen var grøn og blå, av
steinklaka gorr og slim, og flugor og kvitmakk små, aula i yrjande
stim.
Spyfluga grøn og feit, la sine egg i
skinne, og ålkvite småmakkar beit seg gangar og hol der inne. Ei
rotte stakk tranten ut, – kva svarten som no var og sjå? Ho
var som ein blodgorra klut, med blankslimut hale på. –
Og augo hans Ole Johan, var berre ei slimut
glye som nedover kinnet rann, so sleip som ei slimut spye. Og
nasa eit blodraudt sår, der beinpipa lyste bleik. – For rotta ho var
der i går, og åt seg so feit ei steik.
Og lippa for kjøt var rein, og gliste med kvasse
tenner, som illkvite stakk og skein, som marssol på frosne
fenner. Og teven stod tjukk ikring, denne blaute, flytande
kropp, og kråka sat rundt i ring, og skratta med høge hopp.
So tok dei han Ole Johan, og la han på fire påla. So bar dei
han fire mann, med kråkene skratta og skråla. Mykje tå skrotten
flaut vekk, og mykje kvarv burt som eim, og mykje i spyfluga
gjekk, men beina kom heile
heim.
|
|