|
Han Simo i støa og katten var
mette av alder og år, og båe var redde for vatten, og båe ver mest
utan hår. Og alt medan åra tok ende so tenkte vel kallen med
seg, at her var det tryggast kanhende, å fyrst sende katten i
veg.
Han prøvde med mange slags greier, frå oljen i pipa til
kniv, men etter som røynde folk seier har katten fleirfoldige
liv. Han gjorde sitt yttarste, kallen, på det å bli katten sin
kvitt, til dess han fikk sett seg i skallen å prøyve med blank
dynamitt.
Han kjøpte patrona på bua med lunte av likaste
sort, og rusla so heim i den trua at no var det endeleg gjort. So
henta han katten i hagen og surra med skjelvende hand patrona på
plass under magen med tridubbelt snøsokkeband.
Han sprang i det
same han tende og skolv enda lunta var lang, men rekna kje med ka
som hende då katten fekk sjå kor han sprang. For best som han redd
rende frå han som kua i stivbein galopp, var katten i hælane på
han og dansa med lystige hopp.
Og kallen vart meir og meir
fælen di meir han så katten vart kåt, og katten vart meir og meir
kjælen, di lygnare kallen for åt. Han sprang som en ungdom på
atten, og skamtrakka voksterleg gras, so ingen kan undrast at
katten fann ut det var mykje til stas.
Og kallen låg flat etter
reina, han heldt seg for bringa og bles, med katten på sprang mellom
beina og lunta i rykande fres. Og lunta vart kortar' og
kortar', - han kjende det meir enn han såg, og kallen sprang fortar'
og fortar' med kurs for ei løe der låg.
Og det var han Simo
støa, tilårskomen , julbeint og rund, han kappsprang med døden mot
løa og slo han med knapt eit sekund. For midt under hardeste
taket smatt Simo fortumla i ly, og nett i det same kom braket so
moldspruten sto som ein sky.
Og døra og litt utav veggen dreiv
saman med dundar og brak, og somt fauk i låre og leggen, men verst
vart han skamfaren bak. Og doktor vart bodsend og presten, og kallen
vart plåstra og smurd so pass han sto oppatt på resten, men katten
vart aldri meir spurd.
|
|