GUTEN OG SALTET

Det var sumar i garden med sildrande sol,
over bøane slåtten i sving,
og på tunet gjekk hanen og spanka og gol
og heldt auge med hønsa ikring.
Men i svåla låg eg bak ei halvope dør
og heldt auge med hanen i mak,
med` eg stirde fortapt mot ei spraglande fjør
som hekk dingla i stjerten hans bak.

Men som best eg so tydelig tykte ho datt,
vart eg vekt av min soldrukne døs
av eit mål so fortærande gnelt att eg skvatt,
og sjølv hanen vart synleg nervøs.
Det var tausa som gnall, og kva gnellinga galt?
Jau den visa var gamal og kjend
som eit kapplaup med tide om fem merker salt
før enn grauten i gryta vart brend.

Eg fekk låspungen utflidd litt svintar` enn fort
og til beins som ein hundesett tok,
og dei plagga som tyngde meg, vog ikkje stort,
det var skjorta mi, det, og ei brok.
Det bar svint ned mot svingen der gravaren bur
bort ved kyrkja med gullkross og spir,
men i svingen sto knekten Stavangermann - Sjur
med ein innfull og freistande flir.

Denne Sjur'en kom hit frå Stavanger eit år,
og han snakka so skrattande rart.
Han var van til å snu seg i skiftande kår
og var kyndig i litt utav kvart.
Han var endå på alder med bror min, på lag,
og var litt av ein slagmusikant.
Han slo tromma i korpset "Den gryande dag",
men var elles ein utkropen fant.

Og no sto han og bia og heldt på eitkvart
som ein salmebok mest til å sjå,
men eg fan at han skjegla mot pungen so rart
at eg tvilte eit kvart slag sto på.
Og det synte seg au då eg såg kva det var,
for den boka han no bladde opp,
var ein kortleik med knektar og kløvar og spar,
og ein blomstrande joker på topp.

Dermed smaug han kring låspungen, nærsøkt og trå,
til han kjende kvar skilling og slant.
Og det same sa han - men det tviler eg på -
var han kar om å reise kontant.
Og så kom det til slutt, det eg frykta for før,
endå ynskja so ymseleis går,
at kva sa eg om vi to gjekk saman som brør
og slo femkort om medelen vår?

Kva eg sa? Ja eg prøvde i allfall so smått
å gå god for ein etanda graut.
Men då Sjur'en let or seg ein speande lått
vart det liksom til det at eg laut.
Eg satt pinnande fast i hans syndige klo,
- eg var høna og Sjur'en var hauk,
og snart sat vi som tjuvar i løyndefull ro
og slo femkort so fillane fauk.

Det gjekk bra med det same for meg, ja eg vann,
fyrst ein femøring, seinare ti.
Men då Sjur'en fekk tjans, halla lukka til han,
og med meg var det utgjort forbi.
Det var kaldsleg og sjå korleis saltet lak ut
mork på mork for kvar kule som kom
til dess pungen låg att som ein oppvriden klut,
full av mismod og gapande tom.

Eg var frimodig nok til å be om kreditt,
endå vona om nåde var ring,
Men då sjur'en fekk grunda og tenkt seg ltt om
kom han fram med ein merkeleg ting:
- Om han no i si miskunn på ståande fot
sette heile sin vinst på eit kort,
og eg sjølv heldt ho Lisebet, syster mi, mot,
fan eg det var urimeleg gjort?

Syster Lisebet, stakkar, med fletter og alt
og dei blåaste augo eg veit
mot ei skarveleg medel på fem merkar salt !
Gud skal vite det var ikkje greit !
Men det nytta so lite kva samvitet sa,
eg sat klumsa og kunne kje fly,
og med uklårt og brestande mål sa eg ja,
og baud lukka mi handa på ny.

Det var uråd å klage på korta, so visst,
- eg får seie det nett som det var.
Det var damer og knekter iblant, og til sist
fekk eg sjølvaste kongen i spar.
Men just nett då eg tenkte med meg att eg no
etter måten sat trygg i min sess,
då satt Sjur'en, mi sæl, der eg knegga og lo
og slo sparkongen ned med ein ess.

Og då eg i mi vonløyse, vesal og spak,
baud han omgangen endå ein gong,
slo han opp som ein Halling og klappa seg bak,
slik at pengane singla og song.
Og ho Lisebet vår, som var avhend og seld
etter loven, det han kunne sjå,
var han tenkt til å hente personleg i kveld
i eit reip so snart myrkret fall på.

Det var tussestilt, tunet, då heimat eg kom,
jamvel hanen sat tagal og stur,
liksom han og hans hus hadde stadfest ein dom,
og ein nådelaus straff sto for tur.
Berre Lisebet, stakkar, sprang sorglaus som før
so det rein var utrueleg mest
at ho venteleg vis var i framande klør
so snart sola gjekk under i vest.

Kva som seinare kom, vil eg teie med helst,
- Gud skal vite det var ikkje bra.
Men eg kom då i sengen til slutt og var frelst,
og kan minnast ho bestemor sa:
- at so langt som til saltet var saklista klår,
- det var tregaleg nok, - men lat gå -
men før Sjur'en fekk hand om ho Lisebet vår,
skulle ho, rett og slett, slå han blå.