Grannekatt,
ja du kan klage, på ditt
siste vers du spinn. Drengen tek deg snart av dage for å få ditt
gamle skinn, og når belgen væl er vrengd, vert du flådd på røysa
slengd.
Stakkars
gamle grannekatten, du fekk aldrig melk i munn. Lepja laut du
pompevatten ved den gamle pompebrunn, heit og råtna av å
stå, sleipt og grått, med grønske på.
Når du sto
og drakk ved pompa, heldt vel skjora stygt til leik: Somme hakka deg
i rumpa, andre sat omkring og skreik, og når skjemd du frå dei
smatt, fylgde dei med skrål og skratt.
Trøyt og
tannlaus laut du kvi deg for det minste stykke slakt: rotta gav seg
fan´ i deg når du liksom gjekk på jakt, fekk du sjølv ei banka bak.
Gjekk om
natta du kring husa på ein lita friartripp til den søte
klokkarpusa, ho med snøkvit haletipp, vart du jaga land og
strand av ein diger villkattbrand.
Kvar den
dag som gjekk fall tyngre, og der fritt du vanka før, vart du lempa
ut av yngre, som kom med friske klør. Vesal som ein
legdakall smaug du deg i fjøs og stall.
Difor var
det best kanhende, att det gjekk som det gjekk. All sin jammar tok
ein ende då du hammarslaget fekk, og flaug opp til herrens
hus som ein lita englepus.
Men den tid du var i live, var du blyg i dine krav. difor vil
eg audmjuk skrive denne innskrift på di grav: "Kjære gamle
grannekatt, kvil i fred, gå aldrig att."
|