|
Ein usæl song om ein gjente,
ei gjente og so ein stut. Den eine elska ei kvige, den andre elska
ein gut. Og jenta var gardmannsjente, og stuten var berre stut. Men
guten var son av ein husmann, - ein sokalla husmannsgut. Dei møttest
med kvart på ein holme, der sto det eit gamalt naust, men der kom far
hennar på dei, og dermed var helvete laust. Han skreik slik at måsen
rømde, - han var so sint at han naus, - og olmose
husmannstraven - vart mest slegen helselaus. Og gjenta vart skyssa
heimat med hiksting og krampegråt. So læste han båten for ho, - det
fanst ingen annan båt. Men seint neste laurdagskvelden då gamlingen
låg og sov, smaug gjenta seg ned til stranda, - ho bad ikkje ein
gong om lov. Og dermed vrengde ho av seg, - ho vyrde kje kulden
eingong, men sumde med kurs for holmen med jubel og salmesong. So var
det ho midt på sundet råka stuten, du veit, og han låg for same kursen der
framfus han fram seg sleit. No skulle han møte kviga, - kviga som
før er nemd, for ho var - tilliks med guten -løynleg til holmen
stemnd. Dei viste kje om kvarandre, men vegen bar same veg. Ho
tenkte på han i naustet, han tenkte vel sitt med seg. Dei sumde med alt
dei åtte, urkrafta fram dei dreiv. So stod dei omsider ved målet og
hardt etter pusten heiv. Men der var det inga kvige, og der var det
ingen gut. So sto ho der dum som ein kvige, so sto han der, dum som
ein stut.
|
|