|
I morgon vil eg
byrja på eit nytt og betre liv, trur
eg. Eg skal aldri gå på
fylla meir og skjera folk med kniv, trur eg. Eg skal aldri skråla visar meir i
laddevinsrus, men synge
åndelege sanger i Zions bedehus, trur eg. Alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som
bare fan, trur eg. Og gå vyrdeleg forbi dei som ein
nybakt kappelan, trur eg. Eg skal sitte som ein munk i ein
misjonskone-ring, og
drikka kaffe medan drøset går um åndelege ting, trur eg. Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til
høgste natt, trur eg, koma ruslande på heimveg utan stivety og
hatt, trur
eg. Eg skal legga meg når
grisen går til kvile i sitt bol, og stå opp når hanen flakser og gjel i
morgonsol, trur
eg. Ja, i morgon skal eg
byrja på den gode veg som sagt, trur eg. Taka striden upp mot kjøtet og den
heile develsmakt, trur eg. Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje
tyrst at eg må ha eit
ølkrus til å leska meg på fyrst, trur eg.
|
|