EIT RUS

Eg sat på ei sjapp
ned ved Oslo torg
i tungsame tankar
og drakk på borg.
Og etter som vinen
på potta mi seig
eg kjende kor livsmodet
vakna og steig.
Som nyskapt eg tømde
mitt tridje glas,
og song som forløyst
med min grove bas.
Ved fjorde låg sjappa
i måneblå glans,
og tusende møyar
gjekk fram i dans.
Smilande møyar
i skumlett flor
til tonar av døyvde
skjelvande kor.
Ved femte glas
såg eg stjernar og sol,
og vill som ein tyrk
sto eg upp og gol.
Men før eg fekk i meg
den sjette sup,
vart eg lempa på dørane
hovudstup.